Med eige mot-straumsbasseng og ein badetemperatur som viser over 30 grader kan familien Mills i Etne halda kroppen i trim året rundt.
På eit lite platå med praktfull utsikt over fjord og fjell står eit gråfarga svømmebasseng fylt med behageleg temperert vatn. I det varme vatnet kan små og store få seg ein behageleg omgang massasje med vassprut frå kraftige dyser, testa svømmeferdighetene mot vasstraumen eller berre slappa av og finna roen etter ein lang arbeidsdag.
Tekst og foto: Irene Mæland Haraldsen
— Dette bassenget brukar me nesten kvar dag, fortel bassengeigar og ivrig svømmar Eric Mills og trykker på knappen som aktivirer motstraumen.
— Det er helst oss vaksne som brukar denne funksjonen, seier han. Bassenget har også ein funksjon for trening av armane og har du lyst på ein rotur er det berre å gripa tak i hendlane som stikk ut frå langsida og ro av garde.
Bra for rygg og musklar
For familien Mills er det nesten 5 meter lange og 2,3 meter breie bassenget ei investering i helse. Vassmassasje verkar gunstig for ømme musklar og ulike typar ryggplager, og når dagens trimtur er unnagjort er det godt å senke kroppen ned i det varme vatnet og nyta utsikta over Etnefjorden.
— Etter ein løpetur er det fint å bada her, konstaterer far i huset.
Eit motstraumsbasseng har mange likheitsteikn med dei populære massesjebada som har vore på marknaden i fleire tiår, men i eit massasjebad kan ein ikkje få trena kroppen.
— For eldre folk er dette badet ekstra fint. Her kan ein både symja og få gåtrening i motstraum utan å belasta kroppen. Det er ekstra bra for ryggplager og muskelplager. Dette kan eg anbefala til alle, seier legen frå Etne. Også dei minste i familien har stor glede av den nye innretninga og dei to jentene Victoria (7) og Emma (9) synest det er ekstra moro med eige basseng.
— Me badar nesten kvar dag. Det er kjekt, seier dei og hoppar opp i det varme vatnet som måler 33 grader denne dagen.
Investering
Det finst mange ulike typar motstraumsbasseng på marknaden og prisen varierer frå rundt 100.000 til rundt 300.000 kroner. For familien Mills var det viktig å velja eit basseng som dei kan ha glede av i mange år framover. Då måtte dei grava djupt i lommeboka.
— Dette bassenget er av amerikansk kvalitet. Det kosta oss 270.000 kroner, men det er ikkje å anbefala å kjøpa billige basseng frå Austen, seier Mills som ofra båten for 6.000 liter med vatn i hagen.
— Me selde båten i fjor og investerte i basseng. Det tregar me ikkje på, seier han.
Eit basseng krev ein del vedlikehald, men med regelmessig ettersyn er det ikkje spesielt arbeidskrevjande å halda det i orden.
— Bassenget må klorast og ein må passa på ph-verdien. Dersom ein ser etter det med jamne mellomrom treng ein ikkje skifta vatn meir enn éin gong i året, seier Mills har god erfaring med stell av basseng i hagen.
— Me har eit massajebad på hytta også, seier han.
Stor hage
Då Eric og kona Nina bygde seg hus på Sørstranda i Etne for rundt åtte år sidan sikra dei seg to tomter, og disponerer i dag eit 2,4 mål stort areal. Det har gitt rom for store uteareal og nok av plass til å trena agility med familiens hundar. Garasje til tre bilar høyrer med når bilentusiasten i familien skal få plass til sine Land Rover-doningar, og det romslege lysthuset fungerer både som leikestove og kaffistove på fine sommardagar. Flotte natursteinsmurar av solid gråstein omkransar det 290 kvadratmeter huset i moderne stil og held plenen på passe avstand frå husveggen, og den høge betongmuren mot naboen er kledd med terrassebord for å skjula betongflatene.
— Eg trur me har den største ståande terrassen i landet, seier Mills og smiler.
Fargerike fuglekassar og store sjablongar av menneskets beste venn er dekorative element på den store treveggen, og frå krukker og kar strekkjer solsikker og rosebuskar seg mot sola. Hagen er lettstelt med hovudvekt på vintergrøne plantar, og terrassar av tre i kombinasjon med singel gjer vedlikehaldsbehovet minimalt.
— Me likar oss godt her, seier familien som saman har skapt draumeheimen for seg og sine firebeina venner.
Mvh
Eric Mills